STANDARD VILKÅR OG PRISER
I dei fleste tvistene knytt til fast eigedom vil grunneigar få rettshjelpsdekning. Felland Advokatfirma vil søkje på vegne klienten om å få tvisten dekt under forsikringa.
Om ikkje anna er særskild avtala, gjeld følgande vilkår:
Stadfesting av oppdrag – generelle vilkår mv.
1. Oppdraget
Vi stadfester at vi har teke på oss oppdrag for deg eller dykk. Vi fekk spørsmål om oppdraget den (dato). Oppdraget er ikkje vurdert på ein detaljert måte.
Oppdraget går i hovudsak ut på å hjelpe til med (skildre oppdraget). Det er vanskeleg å seia noko om kor lenge oppdraget vil vare. Det heng saman med den informasjonen eller kunnskapen som kjem fram under førebuinga og det materialet som motparten kjem med. Du vil bli informera om framdrifta i saka. Til vanleg vil du få tilsendt kopi av all korrespondanse ut frå kontoret og inn til kontoret vårt i samband med saka. All korrespondanse til og frå motparten skal og som hovudregel gå gjennom advokatfirmaet.
Dersom du ynskjer å trekke attende oppdraget etter å ha gått gjennom dette brevet, må du gje attendemelding om det så snøgt som råd og helst innan 1 veke. Det vil i så fall ikkje bli fakturert noko salær, dersom det ikkje alt er bruka meir arbeid enn 1 time.
Før vi byrjar å jobbe med saka, vil vi freiste å avklare om det ligg føre interessekonflikt eller andre tilhøve som gjer at vi ikkje bør utføre oppdraget. Klienten plikter å opplyse om motpartar, relevante slekts- eller venskapstilhøve som kan gjere at Felland Advokatfirma ikkje bør ta oppdraget.
For å kunne fremje interessene til klienten, er advokatfirmaet avhengig av at klienten gjev fullstendige opplysningar om saka sine faktiske tilhøve og kva for resultat klienten ynskjer å oppnå i saka.
Desse vilkåra vil gjelde òg ved nye oppdrag for same klient.
Desse vilkåra blir rekna som vedteke av klienten, dersom klienten ikkje innan 3 veker, seier frå om at vilkåra ikkje vert aksepterte.
2. Kvitvaskingsrutinar
I medhald av kvitvaskingslova skal det gjennomførast kundetiltak med identifikasjonskontroll for å redusere risiko for kvitvasking. Klienten plikter å medverke til gjennomføring av kundetiltak.
Dersom klienten er ein fysisk person, ber vi om å få tilsendt:
– Fullt namn, personnummer, postadresse
– Kopi av gyldig legitimasjon (førarkort, pass, bankkort med bilete)
Dersom klienten er ein juridisk person (selskap), ber vi om å få tilsendt:
– Namn på selskapet
– Organisasjonsform og org.nr.
– Adresse
– Namn på dagleg leiar og styremedlemmer
Vi gjer merksam på at vi er pålagde å orientere Økokrim dersom vi har mistake om
at transaksjonar har tilknyting til utbytte frå straffbare handlingar mv., utan at
klienten vert varsla.
3. Generelle krav, føresetnader mv.
Advokatfirmaet sitt mål og plikt er å fremme klientens interesser på best mogleg måte, innanfor dei rammer som fylgjer av denne oppdragsavtala, domstolslova, advokatforskrifta, reglar for god advokatskikk, advokatfirmaets interne sakshandsamingsrutinar, samt anna relevant regelverk. Alle advokatar og advokatfullmektigar i Felland Advokatfirma har løyve eller autorisasjon til å drive advokatverksemd i Norge. Dei er medlemar i av Advokatforeninga.
Vår rådgjeving omfattar ikkje skatte- og avgiftsrettslege sider av oppdraget.
Advokatfirmaet er ikkje ansvarleg for indirekte tap, inkludert tap i forteneste.
Advokatfirmaet er ikkje ansvarleg for feil gjort av rådgjevarar som advokatfirmaet har vist til, eller for underleverandørar som utfører delar av oppdraget, som advokatfirmaet etter avtale med klient har overlete delar av oppdragsutføringa til.
Advokatfirmaet er ikkje ansvarleg for tap som fylgje av at resultatet i saka ikkje samsvarar med vurderinga advokatfirmaet på førehand har gitt av saka sitt moglege resultat.
4. Salær
Salæret blir rekna ut etter ein kombinasjon av den tida som er gått med til saka, og kor kompleks eller vanskeleg saka er. I utgangspunktet nyttar kontoret timepris mellom kr 2.200-3.500. I tillegg kjem 25% meirverdiavgift.
4.1. Rettshjelpforsikring
Dersom saka gjeld tvist knytt til ein landbrukseigedom, villa eller hytte med meir, er det aktuelt for forsikringsselskapet å betale delar av utgiftene til eigen advokat. Vi ber difor om at du sender namnet på forsikringsselskapet og polisenummer. Vi vil søkje selskapet om dekking av tvisten. Til vanleg dekker forsikringsselskapet delar av utgiftene til eigen advokat, minus ein fast eigendel på ca kr 4.000 og 20% variabel eigendel. Selskapet dekker – til vanleg – opp til kr 100.000 eller kr 150.000.
4.2. Fritt rettsråd
I visse saker yter det offentlege stønad. Det kan vera aktuelt å søkje om slik stønad, men på grunn av at det er låge inntekts- og formuegrenser og avgrensa saksområde, er det vanskeleg å få fritt rettsråd i dei sakene vi til vanleg steller med.
4.3. Fakturering og betaling
Salær og utgifter vil bli fakturert etter kvart som arbeidet er gjort eller når oppdraget er avslutta. Du vil få spesifisert timeliste, der det går fram kor mange timar som er nytta.
4.4. Forskot
For oppdraget kan det av og til vera aktuelt å be om å få innbetalt eit forskot på kr 10.000-50.000. Forskotet vil bli sett på klientkonto og vil bli heva av oss etter kvart som salæret blir avrekna ved faktura.
4.5. Utlegg/utgifter
I samband med oppdraget kan det koma utgifter til sakkunnige, vitne eller det offentlege m.m. som du vil vera ansvarleg for. Utlegg vil bli sendt til direkte betaling, fakturert separat eller saman med arbeidet vårt.
4.6. Forfall og forsinkingsrente
Salæret forfell til betaling 3 veker etter datoen på fakturaen. Etter forfall blir det rekna forsinkingsrente i samsvar med lov om forsinka betaling.
5. Sakskostnader/rettsgebyr
Dersom du ikkje får medhald i ei rettssak, kan du risikere å bli pålagd å dekke sakskostnadene til motparten og gebyr til retten – i tillegg til utgifter til sakkunnige vitne mv.
Dersom ei avgjerd i retten endar med at du blir tilkjent sakskostnader, men summen er sett lågare enn salæret som er kravd, vil du vera ansvarleg for skilnaden ovanfor oss.
6. Teiingsplikt og personopplysningar
Advokatar har teiingsplikt for dei opplysningar dei får i saka, med unntak av opplysningar som går fram av lovverket. Samtlege medarbeidarar ved kontoret, som har tilgang til saksopplysningar, har underteikna skriftleg teiingsplikt. Mange opplysningar vil vera personopplysningar. Desse vil bli handsama i samsvar med krava i Personopplysningslova.
Andre partar, som motpartar, domstol og offentlege organ, vil berre få tilgang til personopplysningane i den grad det er naudsynt for oppdraget. Klienten har rett til innsyn i, og informasjon om dei opplysningane advokatfirma har, og rett til å krevje retting av mangelfulle opplysningar.
Advokatfirmaet gjer merksam på at bruk av elektronisk datakommunikasjon (e- post mv.) ikkje er problemfritt. Bruken kan føre til at uvedkomande kan få innsyn i kommunikasjonen. I den grad det er naudsynt med konfidensialitet, vil det kunne gjerast tryggleikstiltak (slik som kryptering, sladding m.m.) for å hindre innsyn i slik kommunikasjon.
Eit moment i vurderinga av om konfidensialitet er naudsynt, vil det bli lagt vekt på om klienten sender usikra elektronisk informasjon til advokatfirmaet.
Ved avslutning av oppdraget får klienten eventuelle originale dokument i saka attende eller at dei blir makulert – etter avtale.
7. Høve til å klage
Det er høve til å få vurdert om oppdraget er utført i samsvar med god advokatskikk. Du har òg høve til å klage, dersom du er misnøgd med storleiken på salæret. Klienten skal straks ta opp misnøye med kvaliteten eller storleiken på salæret med advokatfirmaet. Kvaliteten på arbeidet kan i utgangspunktet ikkje vurderast av disiplinærorgana.
Som hovudregel er det ein klagefrist på 6 månader. Fristen startar frå det tidspunkt klagaren blei eller burde blitt kjend med dei omstende klaga bygger på.
Klaga blir handsama av Advokatforeninga sitt regionale disiplinærutval.
Avgjerda frå utvalet kan ankast inn til Disiplinærnemnda til Advokatforeininga.
Reglar for God Advokatskikk og nærare opplysningar om klageordninga ligg på
Advokatforeninga sine heimesider: www.advokatenhjelperdeg.no
Tvistar om oppdragsavtala blir avgjort etter norsk rett, og kan berre reisast for norske domstolar.
8. Ansvarsforsikring
Advokatar er pålagde å ha sikrings- og ansvarsforsikring. Den skal dekke erstatningsansvar som advokaten kjem bort i ved utøvinga av verksemda.
Vi takkar for oppdraget og ser fram til eit godt samarbeid i saka.
(Foto: Tove P. Haavelmoen)