KOMPETANSE

Advokat og jordskiftekandiat Olav Felland Felland har arbeidd som advokat sidan 1987. Før det var han amanuensis på Landbrukshøgskulen på Ås (Norges miljø- og biovitenskaplege universitet). Advokat Olav Felland har prosedert mange prinsipielle saker for Høgsterett om blant annet vasskraft, oreigning, tingsrett, om eit forvaltningsvedtak er gyldig eller ikkje, odel m.v..

Advokat og master i økonomi- og administrasjon Vetli Felland Felland har arbeidd som advokat sidan 2003. Han har omfattande erfaring frå privat- og offentleg advokatverksemd. Advokat Vetli Felland har vore konsernadvokat i Aker BP, fylkesadvokat i Rogaland, advokat i advokatfirmaet Arntzen de Besche og Haver advokatfirma. Advokat Vetli Felland har òg arbeidd som domarfullmektig. Som konsern-advokat i Aker BP jobba Vetli Felland med avanserte kontrakter, selskapsrett, tvisteløysing og generell rådgiving til alle funksjoner i selskapet.

I stillinga som advokat for Rogaland fylkeskommune hadde Vetli Felland hovudansvaret for juridisk bistand til fylkeskommunen som eigar av alle fylkesvegane, med tilhøyrande tvister/mekling med entreprenørar. Advokat Vetli Felland har spesialfag i entrepriserett frå UiO.

Som domarfullmektig i Hardanger tingrett i tre år styrte Vetli Felland mange skjønn, og dømde i saker på mange ulike rettsområde.

Vetli Felland er medlem i Advokatforreninga sitt lovutval for: Energirett, vannkraft olje- og gass (2017-2023). 

(Foto: Tove P. Haavelmoen)

.